Eg har kommentert desse bloggane:
-Marthe/Si det: “Wikipedia”
-Stig Magne/Dette blir kjekt: “Problem med deliberasjon”
-Ingvild/Som i en hanske: “Personalisering og “the Daily me”
Eg har kommentert desse bloggane:
-Marthe/Si det: “Wikipedia”
-Stig Magne/Dette blir kjekt: “Problem med deliberasjon”
-Ingvild/Som i en hanske: “Personalisering og “the Daily me”
Polarisering
I boka ”infotopia” beskriv Cass R. Sunstein fenomenet polarisering, som er eit av dei 4 store problema med deliberasjonsgrupper. Deliberasjon betyr besluttning gjennom diskusjon, det vil seie at gruppa vurderer alternativa sakleg og på ein slik måte at alle berørte partar skal få komme med sine synspunkt. Det er mange fordeler ved denne måten å oppnå einigheit på, men eg skal her sjå på ei av svakheitene: polarisering. Polarisering vil seie at gruppemedlem gjennom deliberasjon ender opp med meir ekstreme meiningar enn dei hadde før deliberasjonsprosessen starta. Dei går mot ein av ekstrempolane, bestemt utifrå dei haldningane dei hella mot i utgangspunktet (Sunstein 2006:92). Eit døme kan vere ein diskusjon om abort, dersom det skjer ei polarisering vil dei som i utganspunktet var negative til abort til slutt uttrykke ekstremt negative haldningar mot abort. Medan dei som var for abort vil bli mykje meir positive enn dei i utgangspunktet var. Polarisering gjer altså at dei ekstreme synspunkta kjem fram, og gruppemedlemma tendenserer å trekkje ut mot dei to polane. Sunstein hevdar at polarisering er eit vanleg mønster i deliberasjonsgrupper, og at det har blitt påvist i hundrevis av studier i fleire land. Han meiner og at fenomenet er noko av opphavet til ekstremisme, fanatisme og terrorisme. Og at polarisering opptrer både samband med faktaspørsmål og i spørsmål om haldningar og verdiar (Sunstein 2006:93).
.
Ifølge Sunstein er det mange grunnar til at polarisering oppstår. Den første forklaringa handlar om informasjonspåverknad og at det kun er ein avgrensa del av argumenta som kjem fram. I eikvar gruppe som i utgangspunktet heller mot ein viss oppfatning eller haldning, vil dei fleste i gruppa uunngåeleg bli trekt mot denne. Dette skjer i grupper der majoriteten er einige i ei sak, det kjem då fram mange fleire argument som støttar gruppa sitt syn enn argument som er imot, og gruppemedlemma vil difor ikkje høyre alle dei argumenta som går i motsatt retning. Resultatet blir at dei kun høyrer dei argumenta som støttar gruppa sitt syn og dette synet vil bli forsterka og bevege seg mot ein ekstrempol (Sunstein 2006:94). Den andre forklaringa tek utgangspunkt i sosial påverknad. Dei fleste ønskjer å bli oppfatta positivt av andre gruppemedlem, og ofte seier ein ting for å presentere seg sjølv på ein fordelaktig måte og vise seg frå ei side som dei andre medlemma vil like. Så når ein høyrer dei andre sine argument, vil ein ofte endre sin eigen posisjon slik at den kjem nærare den dominerande posisjonen. I ei gruppe der dei fleste er mot abort, vil ein person som deler dette standpunktet bli meir akseptert enn ein som ikkje deler det, og difor vil personen ofte lene seg enno litt lenger i same retning, og bli enno meir imot abort. Eit problem ved dette som Sunstein påpeiker er at personar som er i nærheita av politiske autoritetar eller store grupper ofte endrar sitt syn slik at det skal passe med synet til autoriteten eller gruppa. Politiske leiarar får difor ofte ikkje høyre det dei treng å vite fordi folk endrar meining i deira nærver, og av same grunn vil deliberative prosessar i store grupper ofte føre til feil (Sunstein 2006:95). Den tredje forklaringa på gruppepolarisering seier at når folk blir tryggare på seg sjølv (og gruppa) blir ofte haldningane deira meir ekstreme. Når eit gruppemedlem opplever at gruppa er eining med han eller ho får han eller ho ofte sterkare sjølvtillit. Difor blir folk som deler same oppfatning og som delibererer saman meir sikre på at dei har rett, og dei blir meir ekstreme. Den siste forklaringa Sundstein viser til legg som grunnlag at polarisering aukar dersom folk føler at dei har ein felles identitet. Folk som prøver å tilpasse seg ein slik gruppeidentitet har ein tendens til å polarisere. I tillegg vil eit argument som kjem frå eit gruppemedlem ofte bli oppfatta som rett og vil vere meir overbevisande enn eit argument frå ein person utanfor gruppa (Sunstein 2006:95).
Det klare hovudpoenget er i følgje Sunstein at når ei gruppe er svært tett knytt saman og medlemma i høg grad identifiserer seg med gruppa, vil polarisering vere svært sannsynleg, og ofte førekomme i stor grad. Men om gruppepolarisering fører til rett eller feil svar eller om grupper gjer feil når dei polariserer finns det ikkje noko fasitsvar på, det er avhengig av forholdet mellom det korrekte svaret og gruppa sine predeliberative tendensar (Sunstein 2006:96). Dersom gruppa hellar mot det rette svaret, vil altså polarisering føre dei til sanninga, men dersom gruppa hellar mot feil svar vil polarisering gjere at dei kjem fram til det som ikkje er sant.
Kjelde:
Cass R. Sunstein (2006) Infotopia. New York, Oxford University Press

Norsk aviscorpus har samla mange “nye” ord frå aviser o.l. her er nokre av dei: